Midthordland Fjordhestlag

Fjordhest NM 2010

Maren Vevatne og Tyssblakka på NM 2010. Fotograf: Ina Dahlen

Maren Vevatne og Tyssblakka var dei einaste fra klubben som starta NM senior. Her gjorde dei ein kjempejobb og fekk til slutt bronse! I tillegg fekk dei 4.plass i middels dressurkjøring og middels maraton, 5. plass i middels presisjon og 2. plass i greinmesterskap kjøring. Vi gratulerer!

 

Sylvia Kallekleiv Langeland og Freddi starta Fjordhest NM for første gang og deltok i åpne klasser og Beste Unge Fjordhest 5 år. Dei gjennomførte svært bra, men fekk ingen plasseringer. Gratulerer med bra gjennomført stevneveke.

 

Inez Pedersen og Seles Gulldokka var den siste ekvipasjen fra Midthordland som starta på fjordhest NM. Dei starta åpne klasser og Beste Unge Fjordhest(BUF) 4 år. Flott gjennomført og til slutt fekk dei 4.plass i BUF 4 år. Vi gratulerer!

 

 

Inez Pedersen og Seles Gulldokka på NM 2010. Fotograf: Ingvild R. Hansen

© Copyright 2012. All Rights Reserved.