Midthordland Fjordhestlag

Fjordhest NM 2011

Fra venstre: Sylvia på Freddi, Marthe på Timegråen, Silje på Solilja, Kjersti Anette på Kornvin Liljar

Fotograf: Marte Vassenden Engelsen

Reisebrev fra Kjersti Anette Botnevik

Sylvia K. Langeland og Freddi, Marthe Nødtvedt og Timegråen, Silje K. Larsen og Solilja, Kjersti A. Botnevik og Kornvin Liljar fra klubben vår planla tur til NM/nordisk i år. Med på lasset fekk vi med oss Marie E. K. Hansen og Garp fra Lysefjorden. Desse hestene fekk vi tak i fellestransport til så vi slapp å kjøre dei så langt i henger.

 

 

Etter mykje fram og tilbake med transport til hestene fekk vi tak i hestebil så vi fekk dra til Starum søndag 24.juli. Vi drog tidlig avgårde og klokka 08.00 var vi i gang. Alle hestene oppførte seg fint på transporten. Vi hadde ein liten stopp på Voss før vi fortsatte turen videre.

 

Fagernes var vårt neste lange stopp. Her kjøpte vi mat og slappa av litt. Planen var å dra med ein gang, men Sylvia kunne ikkje finne passet til Freddi, så vi endevendte hestebil og biler, men fant det ikkje. Sylvia ringte heim til broren og fekk han til å sjekke om passet låg igjen i stallen, og det gjorde det.... Broren scanna passet og sendte det til arrangøren så fekk Freddi lov til å gå av transporten når vi kom fram. Men Sylvia fekk ikkje lov til å starte nåkke før passet var komt til stevneplassen. Vi drog avgårde mot Starum igjen, mens Sylvia jobba med å finne ut korleis ho skulle få passet til Starum før ho skulle starte mandagen.

 

Etter ei stund fant ho ut at nokon ho kjente skulle ta fly til Gardermoen denne kvelden, så da kunne ho hente passet der og da hadde ho det i god tid til ho skulle starte. Så det ordna seg!

 

Vel framme på Starum gjekk vi i sekretariatet og viste pass etc og betalte for oss. Så da kunne vi lesse av hester og vogner og masse utstyr. Vi var ein god gjeng som fekk lempa alt ut av hestebilen og gjort den rein, slik at sjåføren kunne kjøre hestebilen tilbake til Bergen.

 

Når alt var på plass tok vi ein god leietur med ponniene våre, og dei var virkelig i humør. Dei traska avgårde i hurtig skritt og virka ikkje påvirka av den lange turen i det heile tatt.

 

Kornvin Liljar og Timegråen skulle på veterinærkontroll søndag kveld, begge gjekk igjennom uten problem.

 

Vi gjorde klar frokost hestene til dagen etter og drog for å finne plassen vi skulle bu. Silje og Kjersti budde på hytte med Tonje og Kjersti Anita ca 10 min fra stevneplassen. Dei andre jentene skulle bu i hestebilen, men den kom ikkje før mandag kveld, så dei måtte finne ein anna plass å bu første natta. Etterkvart fant dei ein buss som kjørte dei til ein skule som dei kunne bu på.

 

Marthe Nødvedt og Timegråen i LB2

Marthe S. Nødtvedt og Timegråen i LB 2. Fotograf: Sylvia K. Langeland

 

 

Dag 1

 

Konkurransene begynte tidlig mandag morgen. Første start var kl.08.00. Kjersti og Liljar var først ute av gjengen vår. Banene var tunge og Liljar vart veldig tung etterkvart. Ein sliten ekvipasje kom seg igjennom LA:3 programmet og kunne skritte av. Resultatet dei fekk var 51,1%.

 

Sylvia og Freddi skulle starte både LC:1 og LB:2. LC:1 gjekk veldig bra og dei endte opp med 68,261%, noko som holdt til ein 2. plass i klassen!! I LB:2 var det litt styr rett før Sylvia skulle ri, om ho skulle starte eller ikkje. Men dei fekk ordna opp i det til slutt og ho fekk starte. Dei gjennomførte greit og fekk 55,185%.

 

Fleire klasser gjekk parallellt på stevneplassen, så vi syns det var litt vanskelig å få med oss dei vi ville sjå, men vi fekk no med oss det meste.

 

Silje og Solilja skulle starte sprang den første dagen på NM. Klassene var 0,60m og 0,70m. Første klasen var 0,60 m. Den gjekk ikkje så bra i denne klassen med dei, og dei vart eliminert. I 0,70 m kom dei seg igjennom med 12 feil.

 

Marthe og Timgråen skulle starte LB:2 den første dagen på stevnet. Dette gjekk greit og dei fekk 57,901% som vart delt 18. plass av 38 startende.

 

Sylvia K. Langeland og Freddi i LB:2. Fotograf: Kjersti Anette Botnevik

 

Dag 2

 

Dag 2 på NM/nordisk gjekk det og ein del klasser parallelt. Først ut var Kjersti og Liljar som første startende (kl. 08.00!) i LA:4. Etter erfaringer frå dagen før valgte dei å varme opp på kjørebanen som ikkje var så tung å ri på. Dette funka bedre, men banen der konkurransen gjekk var fremdeles like tung, kanskje til og med litt tyngre pga litt regn i løpet av natta. Dei gjennomførte greit og syns det gjekk mykje bedre enn dagen før. Dei fekk 54,086%

 

Kjersti og Liljar starta ein gang til denne dagen, det var godt utpå ettermiddagen, så Liljar fekk ein god pause mellom klassane. Dei skulle starte FEI`s innledende program for ponni, som dei aldri hadde starta før. Oppvarminga før klassen gjekk kjempebra, og på veg inn i banen såg det veldig bra ut. Men siden det hadde regna enda meir var banen enda tyngre, og det vart slitsomt å ri igjennom programmet. Men dei gjennomførte og var fornøyd med det. Dei fekk 46,579%, og eine dommeren gav dei godkjent poengsum. Sjøl om dei ikkje fekk godkjent var det kjekt å få ri eit nytt program, og dei var fornøyde.

 

Sylvia skulle berre starte LC:2 denne dagen. Oppvarminga gjekk greit, og programmet vart flott gjennomført. Sylvia syns det gjekk bedre enn dagen før, men dei fekk 59,2%. Det holdt til ein delt 8. plass så da vart det ei sløyfe til på dei.

 

Silje og Solilja hadde fridag tirsdagen så dei hadde bare rolige turer rundt på området i løpet av dagen.

 

Marthe og Timegråen skulle starte LC:2 og LB:3 denne dagen. Begge desse programma gjekk greit. I LC:2 fekk dei 59,00% og vart første uplasserte. I LB:3 fekk dei 54,167%.

 

 

Irmelinn og Perakrossen i dressurkjøring LB. Groom: Nina Rief, eier til Perakrossen. Fotograf: Tonje E. Reikerås.

 

Dag 3

Dag 3 på NM bestod av uoffisiell utstilling, LA kür, 0,80 m, jokerhopping og dressurkjøring.

 

Sylvia og Marthe viste Freddi og Timegråen på utstilling og fekk deltakersløyfer og kommentarer på eksteriøret til hestane sine. Freddi måtte inn igjen om ettermiddagen for å vere med om konkurransen om dagens hest. Dessverre vart han ikkje det, men det var kjekt at dei kom så høgt på lista.

 

I dressurkjøring LB starta både Sylvia/Freddi, Silje/Solilja og Irmelinn/Perakrossen.

 

Sylvia og Freddi sleit litt med framdriften, men kom seg igjennom og endte på 55,625%.

 

Silje og Solilja gjennomførte bra og endte på 56,875%. Silje var veldig fornøyd med det.

 

Irmelinn og Perakrossen hadde ikkje starta dressurkjøring sammen før, så det var veldig spennende å sjå korleis dei gjennomførte. Det gjekk kjempebra og dei fekk 58,750%! Dei endte på delt 15. plass av 37 startende, supert!

 

Kjersti og Liljar skulle ut i LA kür denne dagen. Det hadde dei aldri starta før, så spenningen var stor. Då dei kom til oppvarminga sa steward at dei skulle starte om 10 min. Dette stemte ikkje med tida som stod på startlista, men steward sa at det måtte dei godta, for det hadde dei andre startande gjort...

 

Så det vart ein kjempekjapp oppvarming som resulterte ikkje svært lite samla hest. Det var mykje publikum rundt banen når dei skulle starte så stemninga var svært god. Dei gjennomførte greit og Kjersti syns det var kjekt å ri eit egenkomponert program. Dei endte nederst på resultatlista, men fekk godkjent prosent av begge dommerene.

 

Silje skulle starte jokerhopping, men valgte å trekke seg pga ein del rot med starttid og banen.

Kjersti Anette og Liljar. Fotograf: Tonje E. Reikerås

 

Dag 4

Den store maraton og feltritt dagen!

 

Marthe og Timegråen starta dagen med LC:1, dette gjekk greit og dei fekk 57,83%. I sprangen, 0,60 m, fekk dei 4 feil. Så var dei klar for terrengdelen. Den gjekk dessverre ikkje som planlagt og dei vart eliminert.

 

I maratonkjøring LB starta Silje og Solilja og Sylvia og Freddi. Dette gjekk greit og Silje og Solilja fekk delt 16. plass og Sylvia og Freddi fekk delt 18. plass.

 

Kjersti og Liljar hadde fridag på torsdagen.

Silje og Solilja i maraton. Fotograf: Tonje E. Reikerås.

 

Dag 5

Fredagen begynte litt tidlig for alle våre startande. Kl.09.00 starta LB presisjonkjøring, og her skulle Kjersti og Liljar, Silje og Solilja, Marthe og Timegråen, Irmelinn og Perakrossen og Sylvia og Freddi starte. Det var kjekt at så menge starta i samme klassen.

 

Kjersti og Liljar var først ute og det gjekk flott, Liljar syns det var kjekt og hadde god fart gjennom heile banen. Dei gjennomførte feilfritt og hadde ei god tid i forhold til dei andre som hadde starta før dei. Til slutt endte dei på 12. plass som var andre uplasserte.

 

Marthe og Timegråen var neste av våre til å starte. Dette gjekk greit og dei hadde ein fin runde. Dei og gjennomførte feilfritt, og fekk til slutt ein 25. plass av 40 startende.

 

Sylvia og Freddi gjennomførte og bra, men dei reiv dessverre ned ein ball, så da vart det 3 feilpoeng på dei. Det vart då ein 32. plass på dei.

 

Silje og Solilja satsa bra og hadde god fart, men dei drog med seg 2 baller så da vart det 6 feilpoeng på dei. Dei endte då på 38. plass.

 

Irmelinn og Perakrossen var den siste av våre ekvipasjer som starta denne klassen. Dei hadde ein fin runde, men reiv dessverre ned ein ball, så da vart det 3 feilpoeng. Det vart ein 34. plass på dei.

 

Sylvia og Freddi og Silje og Solilja hadde starta LB DMP og her fekk Sylvia 18. plass og Silje 17. plass. Flott gjennomført!

 

3 av våre startende skulle ut i MB presisjonskjøring og. Sylvia og Freddi gjennomførte feilfritt og endte på 14. plass som var fjerde uplasserte. Silje og Solilja reiv med seg 2 baller og fekk då 6 feilpoeng, dei endte på 27. plass. Marthe og Timegråen fekk og 6 feilpoeng, og med litt dårligare tid enn Silje fekk dei 30. plass.

 

Dag 6

Siste dag var det kun sprang som gjenstod på programmet. Alle var fornøyd etter en lang, men fantastisk uke!

 

Sylvia og Freddi i 80+90 cm sprang. Fotograf: Marte Vassenden Engelsen

.

© Copyright 2012. All Rights Reserved.